Aktivitetar og attraksjonar
 
Flåm er eit av dei mest besøkte turistmåla i Norge.Her ventar mange spennande opplevingar og inntrykk i ein vill og vakker vestlandsnatur med fossar, fjord og fjell. Me vil her nemne nokre av alt det du kan få oppleva, og det finnst mykje meir. Og hugs ein dag i Flåm er ikkje nok!
 

Flåmsbana

Ein av verdas vakraste jernbanestrekningar. Ta toget til Myrdal og gå ned den dramatiske Flåmsdalen. Etter turen kan du vitja Flåmsbanemuseet (utvida til sesongen 2006)og lære meir om Flåmsbana sin historie og den teknologiske utviklinga.
(Foto: Visit Flåm/Morten Rakke)
fotograf: Morten Rakke
 
Foto: Arnstein Karlsen
 
Fotograf: Morten Rakke
Nærøyfjorden - på Unescos verdsarvliste!
Den vakraste og villaste av sidearmane til Sognefjorden. Bli med på Fjordcruise i ei eineståande ramme av stupbratte, snødekte fjell, ville fossefall og levande kulturlandskap. Små gardar som klamrar seg fast til liene. Det er den trongaste fjorden i verda berre 250 meter brei på det smalaste. Fjella kring fjorden reiser seg opp til 1700 meter over vassflata. I tillegg til eit klassisk fjordcruise kan du oppleva både Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden frå 
kajakk eller fjordsafari.
(Foto: A.Karlsen,Morten Rakke, E.A. Vikesland)
 

Fotograf: E.A. Vikesland

 
Aurlandsdalen:
Aurlandsdalen er vidgjeten og sagnomsust og er ein av dei klassiske fotturane i Norge. Her er det vakkert og villt, rikt på dyre-og planteliv, kulturhistorie, variert geologi og flott natur.
Turen går langs ein av dei eldste ferdselsvegane mellom Aust- og Vestlandet og følgjer dalføret frå Hol over Geiteryggen via Østerbø ned til Vassbygdi.
Frå Flåm er det daglege bussavgangar i sommarhalvåret til Østerbø /Hallingdal.
 
Rallarvegen på sykkel.
Rallarvegen er ein 80km lang sykkelveg frå Haugastøl -Finse-Hallingskeid om Vatnahalsen til Flåm. Rallarvegen er eit kulturhistorisk minnesmerke. Frå vegen vil du heile tida ha kontakt med Bergensbanen, som vart opna i 1909.
(Foto:Flåm Utvikling as/Thor Andresen)
 
 
 
Foto: Flåm Utvikling as / Thor Andresen
 
Foto: Flåm Utvikling as / Thor Andresen
 
Aurlandsvegen.
Fjellvegen mellom Aurland og Lærdal gjer eit fantastisk utsyn over Aurlandsfjorden. Ny spektakulær utsiktsplattform vart offisielt opna til sesongen 2006.
Høgste punktet på vegen ligg 1306 m.o.h.. På fjellet er det snø langs vegen det meste av året. (foto: E.A. Vikesland)
(Vegen er ikkje tilrådd for Caravan).
foto: E.A. Vikesland  foto: E.A. Vikesland
 
Otternes Bygdetun
Bygdetunet ligg med vakkert utsyn over Aurlandsfjorden, og har i alt 27 hus bygd i klynge og i rekkje. Dei eldste frå 1600-talet. I tillegg til bygningane er det gamle kulturlandskapet som haugar, brønnar, trapper og steinopplegg intakt. Otternes er i dag senter for gamle handverksteknikkar og tradisjonsrik matkultur, og det vert arrangert ulike utstillingar og aktivitetar.Gang- og sykkelveg frå Flåm.
(foto: R.M.Sørensen/Morten Rakke)
 
foto: R.M.Sørensen           foto: R.M.Sørensen        
foto: Morten Rakke
 
 
Undredal
Undredal er ei bygd med ca. 100 innbyggarar og fire gonger så mange geiter. Staden er i dag viden kjent for stavkyrkja og for den kvite og brune Underdalsosten. At bygda har eigen butikk med post er med på å gjera den til ein attraktiv stad å bu og vitja. Bygda har eit eige grendalag som arbeider aktivt for at bygda skal fortsetje å vere ein triveleg stad å bu.
Tilsaman er det meir enn 30 kilometer med turvegar og stiar i Undredalsområdet. (Foto: Thor Andresen)
Foto: Thor Andresen
 
Foto: Arnstein Karlsen
Undredal Kyrkje
Undredal Kyrkje er ei bordkledd stavkyrkje frå 1147 - og skal vera den minste i Skandinavia som endå er i bruk. Kyrkja var først bygd som kapell og bar namnet St. Nicolai Kapell. Ljosekrona med dei fem utskorne dyrehovuda er truleg frå middelalderen.
Kyrkja har 40 sitjeplassar og er ein av dei få kyrkjene i landet der ein står inne på kyrkjegolvet og ringjer med kyrkjeklokkene. (Foto: Arnstein Karlsen)

Flåm
I sentrum finn du cafear og restaurantar med eit variert og spennande utval av mat. Her kan du få både økologisk og lokalt foredla mat. Flåm har eit bra utval av souvenirutsal med eit vidt spekter av artiklar med høg kvalitet. I tillegg finn du post, bank og turistkontor i sentrum.
 
Flåm Cruisehamn
Flåm hamn ei ei av Norges største målt i antal skipsanløp, med over 115 cruiseanløp kvar sommar. Flåm Cruishamn opna i mai 1999, og cruiseskip av alle storleikar kan no leggja til kai. Ta deg ein tur ut på kaia og sjå cruiseskipa på nært hald. (Foto: Arnstein Karlsen)
Foto: Arnstein Karlsen
 
 
Aktivitetar i Flåm:
Fem minutts gange frå campingplassen ligg badestrand, strandvolleyballbane og kajakkutleige. Her er eit ypperleg område for soling, bading, ballspel og leik.
Sjå også:  www.alr.no  for meir informasjon.