Book now

Accommodation Category: Norsk

Feriehus

Feriehuset er lokalisert for seg sjølv i utkanten av campingplassen. Det har fullt utstyrt kjøkken, fri Wifi og møblert uteterasse med fjellutsikt. Gangavstand til Flåm stasjon og sentrum.

Totalt tre soverom, to med dobbeltsenger (150 cm breie). Eit soverom i 1.etg. To ekstra senger i stove i 2.etg.
Kjøkken med spisebord i 1.etg. Bad med dusj og vaskemaskin i 1.etg. Kjøkkenfasiliteter inkl. steikeomn, mikrobølgeomn, oppvaskmaskin, kjøleskap og frysar.

Eigna for familiar og vennepar.

Hytter

Hytter med 2 soverom og bad (4 pers) 36m2

Utleigehytte med eigen møblert uteplass. Bad med dusj og wc, kjøkkendisk med hybelkomfyr og kokeplater. Spiseplass og sofakrok.

Hytter utan bad ( 2-4 pers) 16 m2

Campinghytte i enkel standard med kjøkkenkrok med kokeplate, kjøkkenutstyr og kjøleskap. Tilgang til felles campingkjøkken med steikeomn og oppvaskkummar.

Dusj ( med myntinnkast), wc og handvask på sanitæranlegget i separat bygg. Vennlegast merk, ikkje innlagt vatn i desse hyttene.

Bubil og Caravan

Varierte oppstillingsplassar for bubil og caravan. Mykje av arealet er terassert i ulike høgder som gjer alle god utsikt. Straum tilgjengeleg på dei fleste plassane. Grasdekke på oppstillingsplassane og ein kombinasjon av fast grus og asfalt på tilkomstvegar. I den gamle eplehagen under frukttrea er det og plassar for mindre campingvogner, små bubilar og telt. Tømmestasjon og drikkevann i nærleiken av sanitæranlegget sentralt på plassen. Der finn ein og vaskemaskin, tørketrommel og camping kjøkken

Hostel

Hostelromma er fordelt på 3 bygningar frå forskjellige tidsepokar med ulik standard. Det er tilgang til gjestekjøkken og opphaldsrom i kvar avdeling. I hovudbygget finst det universelt utforma rom tilpassa rullestolbrukarar.

  • Rom med eige bad
    Dusj, wc og handvask på eige bad.
  • Rom med tilgang til felles wc og vask på gangen.
    6 rom delar ein wc og handvask. Dusj i felles sanitæranlegg i 1.etasjen.
  • Rom utan bad
    Desse nyttar felles sanitæranlegg i nabobygget for dusj, wc og handvask.

Teltplass

Teltplass

Tilgang til straum. Fleire picnic bord rundt omkring på plassen. Utegrill ved grindbygg.