Book now

Velkommen til Flåm Camping & Hostel

Lokalisert i sentrum av Flåm med kort avstand til Flåmsbana og fjordturar på Nærøyfjorden. Terraserte campingplassar. Eit godt utgangspunkt for allsidige aktivitetar både på fjorden og i fjellet.

Velkommen til Flåm Camping & Hostel

Lokalisert i sentrum av Flåm med kort avstand til Flåmsbana og fjordturar på Nærøyfjorden.
Eit godt utgangspunkt for allsidige aktivitetar både på fjorden og i fjellet.

Flaam hostel
Play Video

Flåm Camping & Hostel

Me ynskjer deg velkomne til ein uformell og familiær atmosfære. Omkransa av høge fjell i  indrefileen av det vestnorske fjordlandskapet. På grasskledde bakkar  på terassane, i eplehagen og på teltområdet trur me det finst ein plass du vil like.

På ein regnversdag eller om sola skulle bli for sterk kan du søke  ly/skuggen i eit av dei tre grindbygga på plassen. Her kan du nyte maten i lag med andre.

Hytter  og rom til leige.

Det me tilbyr

Hostel rom med bad

Hovudbygning i to etasjar frå 2009. Alle rom har eige bad. Fullt utstyrt gjestekjøkken i 1.etg. Felles stove i 2.etg. med utgang til veranda. Eige rom tilpassa rullestolbrukar. Ikkje tillatt med kjæledyr.

Enkeltrom med bad

Seng mellom 80-120 cm. Tilgang til gjestekjøkken og felles stove.

Tosengsrom med bad

Køyeseng; nedre køye 120cm brei øvre køye 80 cm brei. Tilgang til gjestekjøkken og felles stove.

Firesengsrom med bad

Køyesenger, alle senger 80 cm breie. Tilgang til gjestekjøkken og felles stove.

Prices start at:
Nok 750,- per night

Hostel rom med delt bad

Rom restaurert i 2022. Alle dobbeltrom utstyrt med dobbeltseng (150 cm brei). 6 rom deler felles gjestekjøkken, stove og veranda. Tilgang til eit lite bad med wc og vask i same etg. Dusjar lokalisert nede i 1.etg i felles sanitæranlegg. OBS desse romma ligg i 2.etg og ein må nytte trapp ( ingen heis). Ikkje tillatt med kjæledyr.

Enkeltrom med delt bad

Bed 90 cm. Tilgang til gjestekjøkken og felles stove.

Hostel room with shared bathroom

Tosengsrom med delt bad

Bed 150 cm. Tilgang til gjestekjøkken og felles stove.

Hostel room with shared bathroom double

Prices start at:
Nok 550,- per night

Hostel rom utan bad

Desse romma ligg i eit eldre bygg pussa opp i 2013. Gjestekjøkken i 2.etg. Dusj og wc på sanitæranlegget i bygget ved sidan av. Ikkje tillatt med kjæledyr.

Tresengsrom utan bad

Køyeseng 90 cm brei + ei enkeltseng 75 cm brei. Gjestekjøkken i same etasje. Dusj og wc på sanitæranlegget i bygget
ved sidan av.

Femsengsrom utan bad

Køyesenger 90 cm breie + ei enkeltseng 75 cm brei. Gjestekjøkken i same etasje. Dusj og wc på sanitæranlegget i bygget ved sidan av.

Sekssengsrom utan bad

3 køyesenger ( breidde på senger varierer på dei ulike romma frå 75cm til 90 cm). Tilgang på gjesetkjøkken. Dusj og wc på sanitæranlegget i bygget ved sidan av.

Prices start at:
Nok 990,- per night

Utleigehytter med to soverom og bad

Hytter for 5 personar pussa opp og utvida i 2021. Eitt soverom med dobbeltseng 150 cm brei. Soverom nr.2 har familiekøyeseng, 120 cm og 75 cm brei. Enkeltseng 90 cm brei. Bad med dusj og wc. Kjøkkenkrok med kjøleskap, kokeplate, hybelkomfyr, kaffitraktar, kaserollar, steikepanne, servise, koppar og kar. Parkering ved hytta.

Terasse med utemøblar

Prices start at:
Nok 1.790,- per night

Campinghytter utan innlagt vatn

Enkle hytter med eitt rom og ein liten veranda. Alle hyttene er utstyrt med kokeplate, kjøleskap og kjøkkenutstyr. Tilgang til oppvaskjøkken med steikeomn i tilknytning til sanitæranlegget. Dusj og wc på sanitæranlegget.

Hytte for 2 personar

Køyeseng, nedre køye 120 cm, øvre køye 75 cm.

Hytter for 3 personar

Køyeseng 75 cm brei og enkeltseng 120 cm brei.

Hytte for 4 personar

Køyesenger, varierande breidde 75 -90 cm.

Prices start at:
Nok 900,- per night

Feriehuset

Feriehuset er lokalisert for seg sjølv i utkanten av campingplassen. Gangavstand til Flåm stasjon og sentrum. Det har tre soverom. Bad med dusj, wc og vaskemaskin i 1.etg. Fullt utstyrt kjøkken med spisebord og kjøkkenbord. Utgang frå kjøkken til terrasse med fjellutsikt. Liten balkong med to stolar og eit bord i 2.etg. Inkludert Wifi og gratis parkering. Max 6 vaksne personar.

3 soverom

Totalt tre soverom, to med dobbelsenger (150cm breie). Eitt soverom i 1.etg. Kjøkkenfasiliteter inkl. steikeomn, mikrobølgeomn, oppvaskmaskin, kjøleskap og frysar.

Prices start at:
Nok 2.800,- per night

Bubil og caravan

Varierte oppstillingsplassar for bubil og caravan. Mykje av arealet er terrassert i ulike høgder som gjer alle god utsikt. Straum tilgjengeleg på dei fleste plassane. Grasdekke på oppstillingsplassane og ein kombinasjon av fast grus og asfalt på tilkomstvegar. I den gamle eplehagen under frukttrea er det og plassar for mindre campingvogner, små bubilar og telt. Tømmestasjon og drikkevann i nærleiken av sanitæranlegget sentralt på plassen. Der finn ein og vaskemaskin, tørketrommel og campingkjøkken. Ved ankomst vert du tilvist ein plass.

Terrasserte opstilling

Dronebilde som syner det terrasserte oppstillingsområdet.

Prices start at:
Nok 400,- per night

Telt

Romsleg campingplass med både store opne og meir skjerma teltplassar. Også teltplassar med
straum. Tilgang til enkelt campingkjøkken, kle-vaskerom og sanitæranlegg.

Grindbygg utegrill

Fleire picnicbord rundt omkring på plassen. Utegrill ved grindbygg.

Prices start at:
Nok 360,- per night

Meir om oss

shower-icon
Sanitæranlegg
Toalett, Vaskebåsar, Babybad, Dusjar med myntinnkast. Vaskemaskin og tørketrommel…
Sanitæranlegg

Toalett, Vaskebåsar, Babybad, Dusjar med myntinnkast. Vaskemaskin og tørketrommel.

Restrooms and kitchen

shelter-icon
Grindbygg
Om det er sola eller regnet du treng ly for so har me 3 grindbygg med benkebord der du kan …
Grindbygg

Om det er sola eller regnet du treng ly for… so har me 3 grindbygg med benkebord der du kan sitte og nyte maten, eller kanskje lese ei bok, sjekke eposten eller planlegge neste dags utflukt.

farm-icon
Identitet og tradisjon
Me er stolte av vårt utspring frå eit lite vestlandsbruk med sau og geit. I løpet av …
Identitet og tradisjon

Me er stolte av vårt utspring frå eit lite vestlandsbruk med sau og geit. I løpet av snart 50 år har plassen gradvis endra seg til ei stødig turistverksemd. Men sauer har me framleis og dei er våre levande kulturlandskapsleiara.

El-bil ladarar
Me har 8 el-biladarar på plassen. Type 2 kontakt, 16 og 32 Amper…
icoon-car
El-bil ladarar

Me har 8 el-biladarar på plassen. Type 2 kontakt, 16 og 32 Amper.

Kiosk og Informasjon
I resepsjonen har me utsal av kioskvarer som is, brus, chips, sjokolade, kjeks og kaffi. Treng du informasjon og…
pickup-icon
Kiosk og Informasjon

I resepsjonen har me utsal av kioskvarer som is, brus, chips, sjokolade, kjeks og kaffi. Treng du informasjon og hjelp til å planlegge utflukter og turar spør oss gjerne!

pick up point flam

Leikeplass og dyr
Leikeplassen er lokalisert sentralt på plassen. Sauene og lammi kan ein sjå om våren når …
goat-icon
Leikeplass og dyr

Leikeplassen er lokalisert sentralt på plassen. Sauene og lammi kan ein sjå om våren når dei grasar i skråningane melleom terassane.

tent-icon

200

oppstillingsplassar

cabin-icon

16

hytter

hostels-icon

27

rom

shower-icon

3/1

sanitæranlegg / grindbygg

flam-camping-top-str
+
+
+
+
+
+
+
+
+
+
+
+
+
+

Flåm Camping & Hostel

Reis kollektivt og grønt til Flåm med:

Toget; Bergensbanen og Flåmsbana
Elektrisk båt: Ta “Vision of the fjord” eller “Future of the fjord” på Nærøyfjorden til Gudvangen

Leig ein liten el-bil ( E-mobility) og utforsk Stegastein og Aurlandsfjellet